søndag 28. oktober 2012

Misjonsbasar

På laurdag braker det laus. Då er det endeleg klart for den store misjonsbasaren på Klippen. Klokka 15.00 startar det så fyll lommeboka og kom. 


Etter oppfordring fra min mor (!) var eg innom bedehuset her ein dag for å sjå på alle dei flotte gevinstane me hadde fått inn til basaren. Og det var eg glad for eg gjorde...for der var det mykje flott å sjå. Tenk på alt det me kan væra så heldige å vinne.

Det er mange ulike gevinstar, så eg er heilt sikker på at her er noko alle ynskjer seg.

 Til og med far kan gle seg til denne basaren... her er nok noko ein kvar arbeidskar ynskjer seg i garasjen.
 Ei ny vedkorg i stova er det kanskje nokon som har brukt for. Me har jo alt hatt kuldegrader og snø i lufta.
 Heimehekla korger, fylte av godsaker frå Israel. Ein god spa kveld er noko å sjå fram til i haustmørket. (Her kan det sjå bloggen til ho som har laga korgene :-)
 Desse nydelege lyktene vil nok lyse flott på stovebordet.
Søte små bokser til å ha saker og ting i. Både til jenter og gutar. 
 Denne veit eg fleire som ynskjer seg allerede... Veldig populær, og ein flott julepresang om dei som vinn ikkje leker med lego sjølve.

Nyttig toalettmappe til mor, tante, bestemor eller jenta som nesten er stor.












Ja, me gler oss til laurdag her i alle fall...

Me håper akkurat DU kjem... Laurdag kl 15.00 var det altså. 

Velkommen!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen eit lite spor...